User Tag List

Results 1 to 2 of 2

Thread: Har du prøvd Dungeons & Dragons 5th Edition?

  1. #1
    Standard Medlem tanketom's Avatar
    Join Date
    Sep 2008
    Location
    Bergen
    Age
    29

    Default Har du prøvd Dungeons & Dragons 5th Edition?

    For dei som ikkje kjenner til det: Dungeons and Dragons 5th Edition (D&D5) kom i sumar. Det er den femte versjonen av pioneren innan penn-og-papir-rollespel. Det let deg lage figurar (som i «Dragon Age» eller «Mass Effect») og spele med dei, totalt utan andre hinder enn din eigne fantasi. Kamp, utforsking og sosial interaksjon vert styrt av regelark og terningar – ellers er det meste opp til spel-leiaren (GM eller DM), og spelarane hans (stort sett 2-5 stykk). Kjempegøy!

    Har leikt meg litt i D&D5, og synest det er gode greier. Det er endra meir i retning dei eldre versjonane, med meir fokus på flyt og fart enn på kule eigenskaper. Har veldig sansen førebels, det er mange gode idear som har komt igang her.

    For dei som vil sjå kva greia er, sjekk ut videoar som denne:



    For ein timeslang gjennomgang av reglar og system, sjå denne:



    Sidan systemet knappast har begynt er det også ganske oversiktleg og greit, dette er ei god tid å kaste seg inn i ein ny hobby om du har tenkt på å prøve penn-og-papir-rollespel tidlegare. Det er også ein grei veg inn i floraen av andre rollespel som finst der ute, anten du har sansen for sci-fi, fantasy, skrekk, eller absurd humor.

    For å spele treng du i prinsippet berre Basic Rules (som du får gratis på nett), og/eller Players Handbook eller Starter Kitet du får kjøpt på Amazon/Outland, og ein boks med ulike terningar. Og så andre folk som har lyst til å spele, sjølvsagt.

    Om du er eventyrlysten kan du lage eventyr heilt sjølv, ellers kan dei kjøpast (førebels er det einaste offisielle i Starter Kitet, eller i «Hoard of the Dragon Queen»). Du kan også finne nokre gratiseventyr hjå ENWorld.org.

    Har du testa 5th Edition enno?

    (Og ja, eg veit dei sjølve berre kallar det «Dungeons & Dragons», men det er jo den femte versjonen, så det er det eg kallar det.)

  2. #2
    Standard Medlem Skurd's Avatar
    Join Date
    Dec 2006
    Age
    31

    Default Re: Har du prøvd Dungeons & Dragons 5th Edition?

    Hei.

    Jeg er helt ny til D&D og har kun spilt D&D 3,5.

    Syns dette kan virke interessant. Men mye å sette seg inn i for en nybegynner som meg.

Thread Information

Users Browsing this Thread

There are currently 1 users browsing this thread. (0 members and 1 guests)

Similar Threads

  1. Brettspill Dungeons And Dragons - Dominating TTRPG Since 1974
    By Sharingan in forum Tradisjonelle spill, rollespill og LARP
    Replies: 8
    Last Post: 24th November 2010, 04:46
  2. Selges Dungeons & Dragons 4 edition!
    By Orersama in forum Kjøp og salg
    Replies: 2
    Last Post: 5th November 2010, 03:15
  3. Diverse Noen prøvd Keno?
    By Quakeulf in forum Generelt om alt
    Replies: 1
    Last Post: 22nd October 2009, 01:28
  4. Diverse Noen Prøvd Kendo?
    By ragonzul in forum Japan
    Replies: 15
    Last Post: 16th October 2009, 14:50
  5. Prøvd noe nytt.
    By Chrono^ in forum Kreativt, tegning og hobby
    Replies: 0
    Last Post: 9th September 2007, 20:35

Tags for this Thread

Posting Permissions

  • You may not post new threads
  • You may not post replies
  • You may not post attachments
  • You may not edit your posts
  •  
Single Sign On provided by vBSSO