Kan nok vere at ein god del av hardcorefansen allereie har sett desse, men for alle dykk andre kan eg fint anbefale Ringenes Herre-fanfilmen «The Hunt For Gollum»!



«The Hunt For Gollum» omhandlar tida like før «Ringens Brorskap», meir spesifikt Aragorn si jakt på Gollum etter at Gandalf har funne ut at vanskapningen veit for mykje om Sauron sin ring.

Til å ha eit budsjett på 30'000 kroner er filmen faktisk overraskande bra, og det skin tydeleg gjennom at filmens skaparar er vel så store fantasyfans som td. Peter Jackson og hans 400'000 kr/min-filmar.



Sidan filmens produksjonsselskap — Independent Online Cinema — kun får lov til å distribuere den non-profitt er den foreløbig kun mogeleg å få tak i gratis på filmens eigne nettsider

Til og med på Youtube!


Kan anbefalast til dei som har sett ekstramaterialet til filmane litt for mange gonger, vil ha litt meir Ringenes Herre før «Hobbiten» kjem, og som har lyst til å sjå kor mykje film ein kan få ut av ca. 30'000 kroner!